fredag 15. november 2013

2 sider i TA!

 

RAUST: Tv-profilen og blomedekoratøren Finn Schjøll delte raust med kosar og klemmar i går. Han rosa mellom anna butikksjef på Steintøy og parfymeri, Monika Slåtta, for samarbeidet og dei fine gjestene som kom innom. Foto: Ingebjørg Bø

  Schjøll sjarmerte damene

BØ: Blomedekoratøren, forfattaren og vasedesignaren Finn Schjøll (65) vitja Bø i går. Med vase- og boksignering for auga, baud det på fleire lune møte mellom Oslo-mannen og Bø-damene.

Mange fekk med dette sikra seg litt ekstra eksklusive julegåver også.
– Ja, eg gjorde faktisk det. Eg har den minste sjølv, som er så fin til blåveis og små vårblomar. No veit eg om ei til som vil bli veldig glad for å få maken, smilte Hege Odberg. Saman med mannen Frode var dei to av mange som var innom glasforretninga Steintøy og parfymeri i Bø i går.
– Me visste ingenting om dette besøket. Så det var heilt tilfeldig at me kom akkurat i dag, påpeika dei to om den hyggelege overraskinga.
– Han er veldig dyktig, smilte dei. Det var tydelegvis fleire som delte oppfatninga deira. 

 
KLINTE TIL MED HJARTE
For Oslo-mannen hadde som alltid snakketøyet sitt i orden og baud på seg sjølv på alle vis. Han var heller ikkje redd for å ytre nokre personlege meiningar om miljøvern eller det fine besøket som hadde møtt fram i bygda.
- Og namnet var?, sa Schjøll spørjande til kvinna medan han heldt gulltusjen avventande i handa.
– Anne Milly.
– Anne Mona?
– Anne Milly.
– Åh! Så nydeleg! Heiter du det?, sa Schjøll og såg den godt vaksne kvinna djupt inn i augene, før han signerte nærast trollbunden. Han tok seg god tid.
– Sånn, Milly. Eg klinte til med hjarte og greier, eg, innrømte han før han gav vasen frå seg. Og i 2013 meinte han det var heilt unødvendig å pakke vasane inn i papirgåver. Det fekk ekspeditørane også høyre. 

– ER IKKJE MYKJE TRE
– Hallo, me pakkar ikkje inn desse. Her får ein dei levert i ein ask og det er meir enn nok. Så kan de slå eit band rundt, viss de treng, og det er det. Hallo, me lever tross alt i 2013. Det er ikkje vits i at nokon skal hogge ned massevis av tre for at de skal få julepapir på pakkene dykkar. De trur det er mykje tre de, men det er det ikkje. Her kjem trollet frå Oslo og fortel dykk korleis de skal leve, slo Schjøll fast til eit lydhøyrt og humrande publikum. For dette var på ingen måte første gongen han vitja Bøbygda, og såpass meinte han bøheringane måtte tole. 

VORE I BØ FØR OGSÅ
– At eg har vore i Bø før, ja? Hallo, alle har da vore i Bø. Den som ikkje har vore i Bø burde ha mista stemmeretten for lengst, hevda vasedesignaren.
– Om eg besøkte Bø sommarland, nei? Eg treng ikkje å besøkje slike fornøyelsesparkar. Eg har ein stor fornøyelsespark her oppe eg, sa han og pikka overbevisande på hovudet sitt.
– Men det er veldig fint her. Eg likar Bø. Slik som denne forretninga her, kunnen jo ha vore kvar som helst i verda. Også alle desse nydelege menneska da, som har kome hit heit frivillig, og edru er dei også, sa tv-profilen overvelda og synte til den store folkemassen som fortsatt stod tolmodige i signeringskø. 

GAV GJESTEN MEIRSMAK
– De er jo så gode da. Ingenting krev de heller. Et nå endeleg paparkaker og twist og drikk kaffi! Det da tross alt snart helg, folkens, påpeika Schjøll og skjenkte raust i pappkrusa.
Turen gav da også tydelegvis gjesten meirsmak. Her var den raude løparen rulla ut for høvet, og det lydhøyre publikumet ville han gjerne sjå att.
– Kjem du til Bø igjen?
– Ja, det gjer eg, smilte blomedekoratøren og TV-profilen overbevisande.

 Tekst: Ingebjørg Bø fra TA

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar